Er disippelgjering av born eit problem?

Av: Odd Ketil Sæbø, seniorrådgjevar programutvikling i Søndagsskolen Norge

I Søndagsskulen ønskjer me å leggje til rette for at barna skal lære bibelforteljingane og få vekse i stadig djupare kjennskap til Gud. Etter kvart bør barna òg få inspirasjon til å likne meir på Jesus, som eit førebilete. Men å sjå på barna som gjenstand for «disippelgjering» finn me likevel problematisk.

For det blir snakka mykje om disippelgjering i samband med barnearbeid. Men kvar kjem ordet frå? Og kva kommuniserer me når me bruker dette ordet?

Det er sjølvsagt greitt å bruke ord som er lite brukte i Bibelen. Det kan og vere greitt å leggje nyare, moderne og tenlege meininger til orda, men ikkje alltid. For ord formar røyndommen, på godt og vondt.

Me finn ordet for disippelgjering (mathéteuó) fire gonger i Det nye testamentet. Det blir her først og fremst brukt til å beskrive det å undervise og rettleie enkeltpersonar til å bli etterfølgjarar av Jesus. Å disippelgjere på dette viset er å hjelpe andre så dei tek imot frelsegåva. Paulus og Barnabas vann mange disiplar (disippelgjorde mange) i Derbe (Apostelgjerningane 14,21). Josef frå Arimatea, som fekk leggje Jesus i grava, var disippelgjord (Matteus 27,57), han hadde komme til tru og vorte ein disippel. Og i misjonsbefalinga (Matteus 28,18–20) er nettopp misjon og omvending den nærliggjande tolkinga: Fokuset er på folkeslaga og at dei må komma til tru. Misjonsbefalinga sitt objekt er ikkje born (til forskjell frå vaksne), men dei unådde folkeslaga.

Det kan forsvarast å tolke ordet disippelgjering vidare, som at det og inneber å forme karakteren og livet til eleven slik at han stemmer overeins med Kristi lære. Men me finn at dette ikkje er sentralt slik ordet er brukt i Bibelen. I begge tydningane av ordet finn me det uansett problematisk å bruka ordet i ei beskriving av praksisane til vaksne overfor barn.

Om me med å disippelgjere barna tenkjer å omvende dei, anerkjenner me ikkje den relasjonen barn (døypte og ikkje døypte) allereie kan ha til Gud. Forskjellen mellom ein «omvendingsmodell» og ein «vekstmodell» på tru kan me ikkje gå i djupna på her. Men at me skal omvende barn, finn me står i sterk kontrast til Jesu ord til småbarna han har på fanget, barn som han løftar fram som førebilete på det å vera borgarar i Guds rike (Markus 10,13–16 jf. Matteus 18,1–5).

Om me med å disippelgjere barna meiner å forma barna til etterfølgjarar av Jesus etter vaksne sine ideal og program, står også dette i kontrast til korleis Jesus held fram barna som førebilete i det å vera borgarar i Guds rike og som eigentlege mønster på disippelskap. Å bruke ordet disippelgjering i barnearbeid kan skjule denne djupe gudsrikeløyndommen  – barna er allereie disiplar – og på eksemplarisk måte! Å bruke ordet kan og bli eit maktmiddel for å unngå å bli mint på det ubehagelege – på det umiddelbare i barnet si tru og på det eksistensielt utfordrande i den positive avhengnaden barnet har av Gud og av kjærleiken som ber oss.

Me meiner verkeleg vekst i tru er ein djup, eksistensiell prosess – ein prosess der me lyttar aktivt til både vårt eige hjarte og til Jesu hjarte. Ein slik prosess kan i liten grad følgje eit definert program – og eit program må i alle fall ha som mål å stille fri barna så mykje at dei kan leve i relasjon til Gud med heile seg, søkje sanninga utan å kjenna på forventningar om konformitet. Når me er disiplar, vil Jesus gjere oss til menneskefiskarar (Matteus 4,19). Men det er Jesus som gjer, Jesus som formar.

Foto: Søndagsskolen Norge