Av: Odd Ketil Sæbø, seniorrådgjevar programutvikling i Søndagsskolen Norge
Somme tider er pakkeløysingar og pakkereiser tingen. Når kvardagen er eit mas og du rett som det er må gjere val, kan det vere ei gåve å kunne setje seg på ein buss, leggje setet bakover og vite at alt er teke hand om: reiserute og reisetider, hotell, måltid, opplevingar … Men ikkje alle delar av livet passar i pakker.
Mange born og unge får langt på veg servert trua som ei pakkeløysing. Det dei får ta imot er ikkje først og fremst hjelp til ein open relasjon til Gud, eller hjelp til undring kring bibelhistorier. For i trua sine pakkeløysingar er det lag på lag med innpakning, og inni pakken ligg det så mange andre ting som visstnok må høyre med.
Take it – or leave it
I alle fellesskap er det eit sett med forventingar og mønster. Me tenkjer kanskje ikkje over det, men me tilpassar oss gjerne dei forventingane som rår der me høyrer heime. Det skal mykje til for at me bryt særleg med korleis dei andre i fellesskapet kler seg, med korleis dei omgåst, med verdiar eller sanningar dei held seg til, eller med spelereglar som gjeld på ulike område. Samstundes blir det opplevd trygt at forventingane og mønstera er med å gje oss tilhøyrsle og identitet.
I alle kyrkjelydar òg finst det eit sett med forventingar og mønster. Det kan handle om skrivne og uskrivne reglar, om kva som er forventa av åndelege opplevingar, om klåre sanningar som må godtakast, eller om liturgi og ritual. Dersom slike forventingar blir for styrande, kan det bli mindre rom for å vere seg sjølv og vere open om eigne tankar, kjensler og behov – både overfor seg sjølve, overfor andre og overfor Gud.
Når trua si pakke blir for definert; når sanningar, reglar eller forventingar blir for styrande, kan born oppleva at valet blir absolutt: Take it – or leave it. I møte med ei slik pakke opplever ikkje borna eit fritt rom der dei kan leve med spørsmåla sine, med eigne erfaringar, med brytningar dei kjenner på, med behov eller med vanskelege kjensler. I verste fall: Når pakken blir for tydeleg og styrande, kan det opplevast som om sjølve gudsrelasjonen står på spel: Gud er ein del av pakken. Bryt eg med dette, seier eg farvel til trua óg, til Gud.
Alle kyrkjelydar bør spørje seg: Byggjer me ein identitet som blir mest definert av miljø og forventingar, eller byggjer me ein identitet som grunnar i ein trygg gudsrelasjon? Prøver me vaksne, medvite eller umedvite, å hjelpe barnet inn i dei rette og opptrakka «spora», dei spora som kanskje gjer oss sjølve ein slags tryggleik, eller hjelper me dei heller å vera opne og ærlege med Gud, i alt?
Det kan vere utfordrande å «skrelle bort» dei laga me trur må vere ein del av truspakken: menneskebod, ein bestemd musikkstil, krevjande liturgiar, forventingar om dei rette åndelege opplevingane, sanningar me har godteke utan eigentleg å prøve dei på livet og på erfaringane av å vere menneske. Men det kan vere veldig nyttig for borna våre at me tek denne utfordringa.
Sant menneske
Jesus blei sant menneske. Han har forsona menneske og Gud, så me kan kome til Gud med alt me er. Gud elskar oss på djupet, og forvandlar oss som menneske. Kan det å vere kristen handle om alltid å bli meir sant menneske, med Jesus som førebilete – heller enn å bli «religiøs» og gå inn i definerte mønster? Om så er tilfelle, kan det å bli sant menneske vere ein livslang prosess.
I den kristne, mystiske tradisjonen er det sagt at den viktigaste reisa me gjer i livet, er «den indre reisa». Den indre reisa er inga pakkereise. På den indre reisa er vi ikkje styrte utanfrå. Det er ei reise der me er til stades heile vegen – gjer verdi til erfaringane og kjenslene våre, til tru og tvil, tek val, veks – nærare sanninga, nærare Gud. På ei slik reise treng både born og vaksne rom, gode utfordringar, gode medvandrarar og at Gud får leie oss.
Foto: Yan Krukau, Pexels
